Kva skjer?

juni 2026
august 2026
Plakat-heading

Sommarlesfest med Captain Frodos magiske sirkus

Biblioteket inviterer alle sommarlesarar til Sommarlesfest 29. august kl 11. I år får vi besøk av Captain Frodo, og kanskje det dryssar nokre ekstra premiar på nokre av sommarlesarane våre? Captain Frodos Magiske Sirkus er ei morosam og magisk framsyning for sommarlesarane våre! Her blir det trylling, sirkuskunstar og mykje latter – med spanande publikumsdeltaking ... Kva skjer?
29. august 2026
11:00 - 12:00
Kvinnherad bibliotek
september 2026
Ei høne står på utsida av hønegarden og ser forskrekka mot kamera

Eit høneliv

Kva kan ei høne lære oss om dyrevelferd, miljø og maten vi et? I Et høneliv møter vi Silvia – dronninga i hønsegarden – og blir med frå fritt høneliv til lukka fjøs. Ei tankevekkjande og varm bok om høns, menneske og ansvar. Forfattar Andreas Tjernshaugen, tidlegare Bragepris‑nominert og oppteken av små og store naturopplevingar, ... Kva skjer?
15. september 2026
18:00 - 19:00
Kvinnherad bibliotek

Temakveld: Einsemd

Velkomen til eit gjensyn med Kirsten Helen Flaten, ein engasjert og levande formidlar frå HVL Sogndal. Med utgangspunkt i boka Ensomhet hos barn og unge set ho fokus på eit høgaktuelt tema. Ho viser korleis einsemd kan røre ved menneske i alle aldrar og påverke livskvaliteten gjennom heile livet. Eit foredrag i livsløpsperspektiv – gratis ... Kva skjer?
21. september 2026
18:00
Kvinnherad bibliotek

Den gode melodi – denne gongen med Vidar Sandbeck

Vidar Sandbeck – meir enn morosam Alle hugsar «Pengegaloppen», og mange hugsar «Menuett i mai». Men Vidar Sandbeck har skrive mange andre viser som kjem fram att frå minnet når dei berre får litt hjelp. Vidar Sandbeck var ein mangfaldig kunstnar. Han var forfattar, komponist og poet, ein dugande fiolinist, og i tillegg ein dyktig ... Kva skjer?
24. september 2026
15:00 - 17:00
Kvinnherad bibliotek
Jorids Sanseteater heading

Sanseteater

Sanseteater for dei aller minste på biblioteket! Velkomen til ei heilt spesiell teateroppleving for dei yngste Dette er ei skreddarsydd forestilling for barn 0–3 år, der sansane står i sentrum. Her får barna vere med på ei magisk reise gjennom lydar, lys, rørsle og stemningar – ei roleg og nær oppleving tilpassa dei minste si ... Kva skjer?
26. september 2026
10:00 - 12:00
Kvinnherad bibliotek
oktober 2026

Hallgrímur Helgason

Hallgrímur Helgason er ein av Islands fremste forfattarar, med ei rekkje kritikarroste romanar. Han har motteke Islands litteraturpris tre gonger og vore nominert til Nordisk råds litteraturpris tre gonger. Første boka i Seksti kilo-sagaen kom på norsk i vinter, og i haust er han aktuell med bok nummer to i serien. Det blir boksal og ... Kva skjer?
1. oktober 2026
18:00 - 19:00
Kvinnherad bibliotek
Vi har ingen planlagte arrangement nett no.
Last Fleire