Kva skjer?
juni 2026
Sommarles 2026
Er du skulestartar eller går i 1.-7. klasse? Då kan du bli med på den kulaste sommarleskampanjen i Noreg frå 1. juni til 31. august!
august 2026
Sommarkinotek
Sommaraktivitet for heile familien!
Strikk og lytt
Lyst til å gjere noko koseleg i lunsjen? Ta deg ein tur på biblioteket, ro ned og lytt til bibliotekaren som les høgt for deg frå dikt, noveller eller roman-utdrag.
Språkkafé
Vel møtt til språkkafé kvar måndag kl. 13:00
Sommarlesfest med Captain Frodos magiske sirkus
Biblioteket inviterer alle sommarlesarar til Sommarlesfest 29. august kl 11. I år får vi besøk av Captain Frodo, og kanskje det dryssar nokre ekstra premiar på nokre av sommarlesarane våre? Captain Frodos Magiske Sirkus er ei morosam og magisk framsyning for sommarlesarane våre! Her blir det trylling, sirkuskunstar og mykje latter – med spanande publikumsdeltaking ... Kva skjer?
september 2026
Bokbind-verkstad
Beskytt skulebøkene dine. Kom på biblioteket og legg på bokbind Gratis og ope for alle
Open lesesirkel – Den dagen Nils Vik Døde
Velkomen til open lesesirkel på biblioteket! Dette er eit nytt og uforpliktande tilbod for deg som vil dele leseopplevingar med andre. Første bok ut er Den dagen Nils Vik døde av Frode Grytten – ei stillferdig og sterk forteljing om liv, kjærleik og avskjed. Vi møter ein mann som berre har elska éi kvinne, og ... Kva skjer?
Eit høneliv
Kva kan ei høne lære oss om dyrevelferd, miljø og maten vi et? I Et høneliv møter vi Silvia – dronninga i hønsegarden – og blir med frå fritt høneliv til lukka fjøs. Ei tankevekkjande og varm bok om høns, menneske og ansvar. Forfattar Andreas Tjernshaugen, tidlegare Bragepris‑nominert og oppteken av små og store naturopplevingar, ... Kva skjer?
Temakveld: Einsemd
Velkomen til eit gjensyn med Kirsten Helen Flaten, ein engasjert og levande formidlar frå HVL Sogndal. Med utgangspunkt i boka Ensomhet hos barn og unge set ho fokus på eit høgaktuelt tema. Ho viser korleis einsemd kan røre ved menneske i alle aldrar og påverke livskvaliteten gjennom heile livet. Eit foredrag i livsløpsperspektiv – gratis ... Kva skjer?
Den gode melodi – denne gongen med Vidar Sandbeck
Vidar Sandbeck – meir enn morosam Alle hugsar «Pengegaloppen», og mange hugsar «Menuett i mai». Men Vidar Sandbeck har skrive mange andre viser som kjem fram att frå minnet når dei berre får litt hjelp. Vidar Sandbeck var ein mangfaldig kunstnar. Han var forfattar, komponist og poet, ein dugande fiolinist, og i tillegg ein dyktig ... Kva skjer?
Sanseteater
Sanseteater for dei aller minste på biblioteket! Velkomen til ei heilt spesiell teateroppleving for dei yngste Dette er ei skreddarsydd forestilling for barn 0–3 år, der sansane står i sentrum. Her får barna vere med på ei magisk reise gjennom lydar, lys, rørsle og stemningar – ei roleg og nær oppleving tilpassa dei minste si ... Kva skjer?
oktober 2026
Hallgrímur Helgason
Hallgrímur Helgason er ein av Islands fremste forfattarar, med ei rekkje kritikarroste romanar. Han har motteke Islands litteraturpris tre gonger og vore nominert til Nordisk råds litteraturpris tre gonger. Første boka i Seksti kilo-sagaen kom på norsk i vinter, og i haust er han aktuell med bok nummer to i serien. Det blir boksal og ... Kva skjer?
Vi har ingen planlagte arrangement nett no.












